Bildetekst:
Denne stemneplassen på Rovdestranda ligg i det som då var Røvedalen, rett bak det som no er Coopen. Den kvite stripa litt nede til høgre er vegen opp i Myrane, eller MyrJohannesvegen som den vart kalla lokalt. Bak den ser vi Røvedalsbakken som var vestre grense til Aasevika av Knardal. Bjarne Hånes bygde hus der i 60-åra. Lenger bak ser vi Fonnabakken (Aasevika) som grensa mot Slettebakken av Lillerovde. Vi ser tydeleg Danielbakken (vegen ) til venstre på fotoet og steingarden mellom Slettebakken og Brensla. Nakken (Vedeldsnakken) til høgre og lengst bak Kleiva med huset til Torbjørn og Jørgine Vedelden. Bak lenger til høgre ser vi Redse og Legane. (Informant: Rolf Aasevik Dyb).

ID: SASf-001.1768 Kommune: Vanylven
Distrikt: Rovde
Motiv: Landskap, stemne Årstal: ukjent

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
24.12.2005 tor inge nygård Stemne på Rovdestranda? - Sundnes i bakgrunnen