STOREGJERDESAMLINGA

Nov. 2015: Bok i salg! FOTOGRAF OLAF STOREGJERDE - MANNEN OG VERKET

Fotograf Olaf Storegjerde
Portrett av Olaf Storegjerde (1879-1958)

Fotograf Olaf Storegjerde kom frå Hallebygda like utanfor Larsnes som er kommunesenteret i Sande kommune. Etter utdanning i Trondheim dreiv han frå om lag 1905 eiga fotoverksemd frå heimstaden i Hallebygda. Kring 1940 kjøpte han seg hus i Holsekerdalen i Ulsteinvik og flytte dit. Han døydde i 1958.

Storegjerde hadde sitt virke på Søre Sunnmøre og delvis noko i Nordfjord i ein periode på over 50 år. Mest aktiv var han frå om lag 1910 til 1940. Fotosamlinga etter han utgjer eit stort og verdfullt fotohistorisk materiale over dette området.

Sande Sogelag fekk i 1980 overta bildesamlinga etter Olaf Storegjerde. Ved god hjelp og rettleiing frå Ragnar H. Albertsen ved FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal er alle fotoglasplatene no digitaliserte(avfotograferte).

Storegjerdesamlinga omfattar over 7300 bilder med eit overveldande mangfald i motiv som dokumenterer nær sagt alle område i samfunnslivet, det inkluderar over 2000 portrett, 550 landskapsmotiv og 300 konfirmantbilete. Mange av bileta representerer fotografiets tidlege historie i vår del av verda. Alle bilda i den kvalitetsgode storegjerdesamlinga finn ein i fotogalleriet.

Gå til galleriet »

Bilde 5168 fra Storegjerdesamlinga Bilde 5171 fra Storegjerdesamlinga Bilde 5174 fra Storegjerdesamlinga