ID: SASf-001.5280 |
Kommune: Sande |
Distrikt: Hallebygda |
Stad: Stauregjerde |
Motiv: Gravferd | Årstal: 1907? |
Dato | Navn | Kommentar |
---|---|---|
10.05.2015 | Liv Margit Ertesvåg | Bilde nr. 5445 er av gruppa på dei 9 personane vi finn lengst til venstre i dette bildet. For tidfesting av desse 2 bilda, tek eg utgangspunkt i den informasjonen som Marte Storegjerde har gitt til nr. 5445: ho skriv at Ola Storegjerde døde i 1909 og derfor er bildet teke før den tid. Når vi då ser på dette bildet her, kven som står ved enden av kista: eg meinar det er Sivert Storegjerde og at han held eldste dotter si, Marie Johanne i handa. Ho kan vere rundt 2,5 år som ho var då mor hennar døydde. Altså kan dette vere gravferda til fyrstekona til Sivert, Oluffa Nilsdotter Djupvik som døydde 30.okt. 1907 (sjå Sandesoga II, s. 89). |
28.11.2007 | Per Kristian Halle | Heimen til fotografen, Bakkane. Odd Kobbenes (f. 1918) meiner dette er gravferda til Knut, far til fotografen, d. februar 1928. |