ID: SASf-001.3614 |
Kommune: Sande |
Distrikt: Hallebygda |
Stad: Nupen |
Motiv: Tun, bygningar, telegrafline | Tidsrom: 1910 - 1920 |
Dato | Navn | Kommentar |
---|---|---|
23.03.2015 | Aslak Storegjerde | Dette bildet frå Nupen i Hallebygda er truleg frå noko før 1920. Vi ser m.a. at fjellsida bak busetnaden enno ikkje er kledd med furuskog slik som i dag. I Sandesoga bind II side 21 er det eit bilde som nok er teke same dagen. Der er også husbonden, Martinus, med. Han døde i 1918. Elles ser vi telegraflina frå 1860-åra (med ein tråd) mellom Larsnes og Sandshamn. Ho vart nedlagt kort tid etter. Nokre brukarar i Hallebygda kjøpte stolpane og bygde seg si eiga private telefonline til Larsnes stasjon. Denne telefonlina var i bruk fram til 1960-åra då ho vart overteken av Televerket og ombygd. |