ID: SASf-001.3395 |
Kommune: Vanylven |
Distrikt: Syvde |
Motiv: GruppeU17, kvinner, menn Reg: JNO | Årstal: 1917 |
Dato | Navn | Kommentar |
---|---|---|
03.02.2006 | Jostein Nordvik | Nr 13 (mellom Ivar S. Myklebust og Paula Røys) er Alfred Arnesen frå gbnr. 89/24 i Syvde. Han utvandra til Canada. Portrettfoto av han finst i Sponlandarkivet. |
13.03.2008 | Jostein Nordvik | Ved sida av nr. 8 (Smed-Matias) sit (9) Sigvald Myklebust (Gardstøyl-Sigvald) og broren (10) Ola Myklebust (Gardstøyl-Ola). Den unge dama på venstre side har ikkje noko med Brekke å gjere. Det er (11) Petra Myklebust (frå Andersbakkane), seinare g. Fagervoll. Dei to karane mellom (14)Paula Røys og Hanna Nybø (17), er (15) Adam Ystebakk og (16)Knut Vikebakk (Buleg-Knut). Biletet skal vere teke i Vik i Syvde, og i så fall er det truleg Ulas-garden vi ser bak ungdomane. |
10.04.2008 | Jostein Nordvik | Etter nærare gransking meiner eg at husa i bakgrunnen er Påljakobshauane til venstre og Krikolahauane til høgre. Våningshuset på Krikolahauane vart seinare ombygt m.a. med ei ark på midten. |