Bildetekst:
Frå bryllaupet til Anna Enoksd. f. Vikebakk (89/39) og Hallstein J. Brekke (89/41) i Syvde i 1923. Same motivet finst på SASf-001.7082, der det også er meir opplysningar.
(Informant: Jostein Nordvik).

Bruda sine foreldre, Enok og Oline Marta Vikebakk (89/39) sit til høgre for bruda, og brudgommen sine foreldre Berte og Josef Brekke står på hans side. Heilt til høgre framme står bruda si syster, Aletta g. Leknes, med mann og barn, og mannen med lys dress bak Aletta er sokneprest Anders Skrondal, som var prest i Vanylven frå 1916 til 1924. Det ser ut til at soknepresten ofte deltok i festen etter vigsla, iallfall i bryllaupsmiddagen, for det finst ein del slike bryllaupsbilde der presten er med i forsamlinga.

(Informant Kåre Myklebust)

Sjå bilde nummer 7082 for namneliste.

ID: SASf-001.7091 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Stad: Syvde
Motiv: Gruppe, bryllaup Årstal: 1923

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
21.04.2015 Kåre Myklebust Brudeparet Anna f. Vikebakk, og Hallstein J. Brekke, med stort bryllaupsfylgje i 1923. Bruda sine foreldre, Enok og Oline Marta Vikebakk (89/39) sit til høgre for bruda, og brudgommen sine foreldre Berte og Josef Brekke står på hans side. Heilt til høgre framme står bruda si syster, Aletta g. Leknes, med mann og barn, og mannen med lys dress bak Aletta er sokneprest Anders Skrondal, som var prest i Vanylven frå 1916 til 1924. Det ser ut til at soknepresten ofte deltok i festen etter vigsla, iallfall i bryllaupsmiddagen, for det finst ein del slike bryllaupsbilde der presten er med i forsamlinga. (Informant; Jostein Nordvik)