ID: SASf-001.1416 |
Kommune: Herøy |
Distrikt: Leikong |
Stad: Leikanger kyrkje |
Motiv: Konfirmantar Leikanger Herøy 1928, gruppeU11, jenter, gutar, prest, | Årstal: 1928 |
Dato | Navn | Kommentar |
---|---|---|
18.12.2012 | Arthur Vestnes | Marit Pauline Kvalsvik har ein omtale av dette bildet i Vestlandsnytt 18. desember 2012. Ho har hatt fotografiet på utlån frå Liv Kihle og skriv dette i artikkelen: Konfirmantar i 1928 - og Gulbrandsaen Dette bildet viser nokre av dei som vart konfirmerte i Leikanger kyrkje 14.september 1928. Då sokna Eiksund krins til kyrkja på Leikong. Bak f.v.: Karsten Andreas Eiken, Otto Albert Skarbø (busett Ørskog), Ragnvald Britanus (Voldnes) Årdal, Olai Johannes Kleppe (busett Sykkylven), Georg Kleppe og Andreas Slåttelid. Framme f.v.: Gurine Nikoline Måløy, Johanna Vattøy (g.m. R. Lillebø), sokneprest Birger Gulbrandsen , Betty Frederikke Måløy (g.m. A. Kihle) og Signe Husøy (g.m. T. Hauge). Konfirmantane var fødde i 1913 eller 1914. I dagsregisteret har presten notert: «Hver konfirmant fik et Nystestamente, en kollekt optat til å dekke utgiftene, beløpet innsendt til Herøy bibelforening ». Etter kyrkjeboka manglar desse konfirmantane på bildet: Arthur Ludvik Kaspar Eiksund, Finn Eiksund, Øyvind Nykrem, Marie Sofie Kristine Eiksund og Solveig Johanne Sunde. Kjelder: Liv Kihle, Alf Årdal, Anna Støylen og kyrkjekontoret i Herøy. Foto: O. Storegjerde. Utlån: Liv Kihle. Birger Gulbrandsen hadde si første presteteneste i Herøy, og var prest i 5 år: 1926-1931. I VN 8. oktober 1953 går det fram at Birger Gulbrandsen då var på ei kort vitjing hos kjentfolk i Herøy, og deltok m.a. på eit foreiningsmøte på Fiskarheimen. Guldbrandsen var i 1953 prest i Torshov i Oslo. Han fortalde til redaktør Rabben om korleis han mintest ein gammal mann frå Leikong, som ikkje kunne høyre, men som likevel møtte trufast fram til alle gudstenestene. «Dei 5 åra her gav meg så mykje. Mange minne og opplevingar her ifrå vart illustrasjonar som eg kunne bruka, det vart ei av dei kjelder eg fekk hjelp av i mi forkynning. ( ).Dei leiande i kyrkjeliv og bygdeliv vart mine beste vener. Det er vemodig å tenkja på at dei er borte.( ). Trua er ei dyrverdig eige, ikkje berre for det tilkomande, men for dette livet også. ( ). Eg gled meg over den materielle framgangen i Herøy, men endå viktigare er den åndelege framgangen. Den har det vorte mindre av etter krigen. Me må arbeida for framgang for Guds rike». Marit Pauline Kvalsvik mpk@tussa.com |
18.12.2012 | Arthur Vestnes | Artikkeloverskrifta skal vere: Konfirmantar i 1928 - og Gulbrandsen. Gulbrandsen er feilskrive av meg som Gulbrandsaen Larsnes, 18. desember 2012 |