Personer:
(1) Fra venstre: Ane Bondhus (f. Midtbø)?
(2) Ukjend
(3) Dagny Slettevoll (f. Liset)?
(4) Olava Hustad (f. Liset)?
Bildetekst:
Dette er "Bondhus-garden" på Rovdestranda. Det vart seinare bygd ei kårstove på garden som vart overteken saman med jorda av Edvard Bondhus. Huset vart overteke av broren Gunnar iflg opplysningar frå familien etter publisering på Facebook (Informant: Kåre Myklebust).
*****
Tilleggsinformasjon frå Facebook 23.3.15, frå Gudbjørn Bondhus:
Har snakka med mora mi som bur i huset no, og ho kan bekrefte: Biletet er Midtbø på Rovde. Ho har fått fortalt at på biletet ser vi Dagny Slettevoll (fødd Liset) og søstra Olava Hustad (fødd Liset), den minste jenta på biletet. På besøk hos søskenbarnet sitt Ane Bondhus (fødd Midtbø). Mannen/guten på biletet veit ho ikkje kven er. Dei store jentene er fødd i 1900 og 1901, så biletet kan vere frå rundt 1910. Huset vart utskilt frå garden i 1962, og huset fekk då namnet Rota og bruksnr. 9. Det var då Gunnar Bondhus (min far) som tok over huset. Gardsnr. er 120.


ID: SASf-001.2157 Kommune: Vanylven
Distrikt: Rovde
Stad: Midtbø
Motiv: Tun, bygningar, Årstal: 1910

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
23.03.2015 Kåre Myklebust Tilleggsinformasjon frå Facebook 23.3.15 frå Gudbjørn Bondhus: Har snakka med mora mi som bur i huset no, og ho kan bekrefte: Biletet er Midtbø på Rovde. Ho har fått fortalt at på biletet ser vi Dagny Slettevoll (fødd Liset) og søstra Olava Hustad (fødd Liset), den minste jenta på biletet. På besøk hos søskenbarnet sitt Ane Bondhus (fødd Midtbø). Mannen/guten på biletet veit ho ikkje kven er. Dei store jentene er fødd i 1900 og 1901, så biletet kan vere frå rundt 1910. Huset vart utskilt frå garden i 1962, og huset fekk då namnet Rota og bruksnr. 9. Det var då Gunnar Bondhus (min far) som tok over huset. Gardsnr. er 120.
23.03.2015 Kåre Myklebust Dette er "Bondhus-garden" på Rovdestranda. Det vart seinare bygd ei kårstove på garden som vart overteken saman med jorda av Edvard Bondhus. Huset vart overteke av broren Gunnar iflg opplysningar frå familien etter publisering på Facebook.