Personer:
(1) Andreas Sigvart Myklebust
(2) Åsta Ragnfrid Myklebust
(3) Andreas Kristianson Myklebust
(4) Sara Olsdotter Myklebust
(5) Solveig Oddny Myklebust
(6) Kristian Ragnar Myklebust
(7) Ola Hjalmar Myklebust
(8) Rolf Sigurd Myklebust
(9) Karen Andrea Myklebust
(10) Sverre Reidar Myklebust
Bildetekst:
Andreas og Sara Myklebust med borna omkring 1925. Dottera Andreas hadde med si første kone, Karen, heitte Sigrid. Ho er ikkje med på bildet.

Etter opplysningar Bodil Julie Søvre har fått av Ottar Myklebust, som er barnebarn av Ola Myklebust, er namnelista endra ein del i høve til tidlegare registrert identifisering. Ein føreset at Ottar Myklebust sine namneopplysningar er dei rette.

I Sandesoga, band I, side 436 finn ein opplysningar om denne familien. Ein ser der mellom anna at Sara var Andreas si andre kone. Den første heitte Karen. Ho døydde i 1897 - berre to år etter at dei vart gift i 1895.

Av annan informasjon frå Sandesoga kan ein nemne:
Andreas gjekk smedlære i Nordfjord, var ei tid smed i hamnestellet og dreiv handverket noko heime også. Kring 1908 tok han til med handel, først med fisk og frå 1912 med butikkhandel i tillegg. Første butikken var eit lite kammers i stovehuset, deretter brukte han stabburet til krambu, før han 1919 bygde ny, stor stovebygning med butikk i kjellaren. Stabburet vart flytta til Sætre Indre 1. I 1913 kjøpte Andreas Toftesundsholmen på Sandsøya, og dreiv fiskeforretning der. Sonen Andreas overtok handelen då Andreas døydde. Butikken vart nedlagt 1957, men teken opp att 1961 då sonen Andreas bygde butikk på Sætre 1.

(20160222: Storegjerdesamlinga - Arthur Vestnes).

ID: SASf-001.0681 Kommune: Sande
Distrikt: Gursken
Stad: Myklebust
Motiv: Familie Årstal: 1925

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
21.02.2016 bodil julie søvre 1 Andreas Sigvart 2 Åsta g.Sætre 3 Andreas Kristianson 4 Sara 5 Solveig g. Sætre 6 Kristian 7 Ola 8 Rolf 9 Karen g.Sætre 10 Sverre