Personer:
(1) Elias Strømsnes (far til bruda)
(2) Oline Strømsnes (f. Haugen) (mor til bruda)
(3) Aasta Storegjerde (f. Strømsnes)
(4) Erling Storegjerde
(5) Sigrid Knotten (f. Storegjerde)
(6) Arthur Knotten
(7) Kristine Halle (f. Storegjerde) (bak til venstre)
(8) Peder Halle (Kristine sin mann)
(9) Aimar Strømsnes (bror til bruda)
(10) Lars Storegjerde (bror brudgommen)
(11) Halvdan Strømsnes (bror til bruda)
Bildetekst:
Bryllaupet til Aasta Storegjerde (f. Strømsnes) og Erling Storegjerde på Fredheim Ulsteinvik i 1934.

(Informantar: Aslak og Arne Storegjerde)

ID: SASf-001.3269 Kommune: Ulstein
Distrikt: Ulsteinvik
Stad: Fredheim
Motiv: Bryllaup, Årstal: 1934

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
15.03.2015 Arthur Vestnes E-post til Arthur Vestnes frå Liv Margit Ertesvåg 20150314 2355: Då eg såg på bilde nr.3269 kjende eg straks igjen naboane mine frå der eg vaks opp i Nupen, Sigrid og Arthur Knotten. Med nummerering vil dei verte nr.5 og 6 sitande i fremste rekke. Utifrå andre bilde eg har sett i samlinga vil eg tru at han som står bak Sigrid er bror hennar, Lars Storegjerde. (derfor sende eg denne mailen også til Aslak som då eventuelt kan kjenne igjen både far sin, tanter og onklar? ...håpar du kan bekrefte mine teoriar!) Vidare meinar eg at brudgomen er bror deira, Erling Storegjerde. Dama ståande bak til høgre er syster deira, Kristine med mannen hennar ved sida av, Peder Halle. Resten er ansikt eg ikkje har sett før og vert då mine teoriar: bruda til Erling heitte Aasta Strømsnes (ser eg i Sandesoga II, side 179). Det eldre paret ved sida av bruda er antakeleg foreldra hennar, Elias og Oline Strømsnes (ifylgje Sandesoga III, s. 422) og karane som står på begge sider av Lars er då kanskje to av brørne til bruda?