Personer:
(1) Petra Dortea Paulsd. Gjerde
(2) Leonhard J. Breivik
(3) Anne Oline Sofie Paulsd. Gjerde Breivik
(4) Johanne L. Breivik
(5) Karoline (Kalla) G. Myklebust
(6) Anne Andersd. Myklebust
Bildetekst:
Leonhard og Anne Breivik i midten med dottera Johanne på dåpsdagen hennar. Til venstre sit Anne si syster, Petra. På denne tida budde Leonhard Breivik med familie oppe på Bakkane på Myklebust (89.12) saman med Anne A. Myklebust, som hadde flytta dit då andre tok over drifta av Krike-bruket. Anne M. var mor til G.G. Myklebost, og flytte seinare til sonen i Pålgarden i Vik (88.06) dei siste leveåra sine. Dama med kanna er dottera til Anne Myklebust: Krike-Kalla, som utvandra til Canada og gifte seg der med Anders Nordal. (Informant: Syvde sogelag/Jostein Nordvik).

ID: SASf-001.0852 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Stad: Myklebust
Motiv: Familie, gruppeU6, Reg: JNO Årstal: 1917

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
28.02.2008 Jostein Nordvik Dei to siste personnamna er heilt misvisande og feil: Nr. 5 er Karoline (Kalla) Myklebost frå Øvste-Kriken på Myklebust i Syvde. Ho emigrerte til Canada i 1920 og gifte seg der med ein annan utvandrar frå Syvde, Anders (Andrew) Verniksson Nordal. Nr. 6 er mor til Karoline: Ane Andersd. Myklebost frå gbnr. 89/33 i Syvde. For folk i Syvde er ho kanskje mest kjend som mor til G.G. eller "Tommen" Myklebost. På denne tida hadde ho flytta frå Kriken til ei stove på "Bakkane" på Myklebost, der ho budde fram til ca. 1927.