Personer:
(1) Gurine Nikoline Måløy
(2) Johanna Vattøy Lillebø
(3) Birger Gulbrandsen
(4) Betty Frederikke Måløy Kihle
(5) Signe Husøy Hauge
(6) Karsten Andreas Eiken
(7) Otto Albert Skarbø
(8) Ragnvald Britanus (Voldnes) Årdal
(9) Olai Johannes Kleppe
(10) Georg Kleppe
(11) Andreas Slåttelid
Bildetekst:
Konfirmantar Leikanger kyrkje, Herøy, 1928. Marit Pauline Kvalsvik har ein omtale av dette bildet i Vestlandsnytt 18. desember 2012. Ho har hatt fotografiet på utlån frå Liv Kihle og skriv dette i artikkelen som hadde overskrift: Konfirmantar i 1928 - og Gulbrandsen Dette bildet viser nokre av dei som vart konfirmerte i Leikanger kyrkje 14.september 1928. Då sokna Eiksund krins til kyrkja på Leikong. Bak f.v.: Karsten Andreas Eiken, Otto Albert Skarbø (busett Ørskog), Ragnvald Britanus (Voldnes) Årdal, Olai Johannes Kleppe (busett Sykkylven), Georg Kleppe og Andreas Slåttelid. Framme f.v.: Gurine Nikoline Måløy, Johanna Vattøy (g.m. R. Lillebø), sokneprest Birger Gulbrandsen, Betty Frederikke Måløy (g.m. A. Kihle) og Signe Husøy (g.m. T. Hauge). Konfirmantane var fødde i 1913 eller 1914. I dagsregisteret har presten notert: «Hver konfirmant fik et Nytestamente, en kollekt optat til å dekke utgiftene, beløpet innsendt til Herøy bibelforening ». Etter kyrkjeboka manglar desse konfirmantane på bildet: Arthur Ludvik Kaspar Eiksund, Finn Eiksund, Øyvind Nykrem, Marie Sofie Kristine Eiksund og Solveig Johanne Sunde. Kjelder: Liv Kihle, Alf Årdal, Anna Støylen og kyrkjekontoret i Herøy. Foto: O. Storegjerde. Utlån: Liv Kihle. Birger Gulbrandsen hadde si første presteteneste i Herøy, og var prest i 5 år: 1926-1931. I VN 8. oktober 1953 går det fram at Birger Gulbrandsen då var på ei kort vitjing hos kjentfolk i Herøy, og deltok m.a. på eit foreiningsmøte på Fiskarheimen. Guldbrandsen var i 1953 prest i Torshov i Oslo. Han fortalde til redaktør Rabben om korleis han mintest ein gammal mann frå Leikong, som ikkje kunne høyre, men som likevel møtte trufast fram til alle gudstenestene. «Dei 5 åra her gav meg så mykje. Mange minne og opplevingar her ifrå vart illustrasjonar som eg kunne bruka, det vart ei av dei kjelder eg fekk hjelp av i mi forkynning. (…).Dei leiande i kyrkjeliv og bygdeliv vart mine beste vener. Det er vemodig å tenkja på at dei er borte.(…). Trua er ei dyrverdig eige, ikkje berre for det tilkomande, men for dette livet også. (…). Eg gled meg over den materielle framgangen i Herøy, men endå viktigare er den åndelege framgangen. Den har det vorte mindre av etter krigen. Me må arbeida for framgang for Guds rike». (Informant: Marit Pauline Kvalsvik og Arthur Vestnes.) 

ID: SASf-001.1416 Kommune: Herøy
Distrikt: Leikong
Stad: Leikanger kyrkje
Motiv: Konfirmantar Leikanger Herøy 1928, gruppeU11, jenter, gutar, prest, Årstal: 1928

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
18.12.2012 Arthur Vestnes Marit Pauline Kvalsvik har ein omtale av dette bildet i Vestlandsnytt 18. desember 2012. Ho har hatt fotografiet på utlån frå Liv Kihle og skriv dette i artikkelen: Konfirmantar i 1928 - og Gulbrandsaen Dette bildet viser nokre av dei som vart konfirmerte i Leikanger kyrkje 14.september 1928. Då sokna Eiksund krins til kyrkja på Leikong. Bak f.v.: Karsten Andreas Eiken, Otto Albert Skarbø (busett Ørskog), Ragnvald Britanus (Voldnes) Årdal, Olai Johannes Kleppe (busett Sykkylven), Georg Kleppe og Andreas Slåttelid. Framme f.v.: Gurine Nikoline Måløy, Johanna Vattøy (g.m. R. Lillebø), sokneprest Birger Gulbrandsen , Betty Frederikke Måløy (g.m. A. Kihle) og Signe Husøy (g.m. T. Hauge). Konfirmantane var fødde i 1913 eller 1914. I dagsregisteret har presten notert: «Hver konfirmant fik et Nystestamente, en kollekt optat til å dekke utgiftene, beløpet innsendt til Herøy bibelforening ». Etter kyrkjeboka manglar desse konfirmantane på bildet: Arthur Ludvik Kaspar Eiksund, Finn Eiksund, Øyvind Nykrem, Marie Sofie Kristine Eiksund og Solveig Johanne Sunde. Kjelder: Liv Kihle, Alf Årdal, Anna Støylen og kyrkjekontoret i Herøy. Foto: O. Storegjerde. Utlån: Liv Kihle. Birger Gulbrandsen hadde si første presteteneste i Herøy, og var prest i 5 år: 1926-1931. I VN 8. oktober 1953 går det fram at Birger Gulbrandsen då var på ei kort vitjing hos kjentfolk i Herøy, og deltok m.a. på eit foreiningsmøte på Fiskarheimen. Guldbrandsen var i 1953 prest i Torshov i Oslo. Han fortalde til redaktør Rabben om korleis han mintest ein gammal mann frå Leikong, som ikkje kunne høyre, men som likevel møtte trufast fram til alle gudstenestene. «Dei 5 åra her gav meg så mykje. Mange minne og opplevingar her ifrå vart illustrasjonar som eg kunne bruka, det vart ei av dei kjelder eg fekk hjelp av i mi forkynning. (…).Dei leiande i kyrkjeliv og bygdeliv vart mine beste vener. Det er vemodig å tenkja på at dei er borte.(…). Trua er ei dyrverdig eige, ikkje berre for det tilkomande, men for dette livet også. (…). Eg gled meg over den materielle framgangen i Herøy, men endå viktigare er den åndelege framgangen. Den har det vorte mindre av etter krigen. Me må arbeida for framgang for Guds rike». Marit Pauline Kvalsvik mpk@tussa.com
18.12.2012 Arthur Vestnes Artikkeloverskrifta skal vere: Konfirmantar i 1928 - og Gulbrandsen. Gulbrandsen er feilskrive av meg som Gulbrandsaen Larsnes, 18. desember 2012