Personer:
(1) Petra Hustad
(2) Kornelia Runde
(3) Berta Søviknes
(4) Jenny Moltu
(5) Solveig Hellebust
(6) Anna Flåvær
(7) Tora Stokke
(8) Margit Frøysa
(9) Lina Myklebust
(10) Helga Løvoll Ytterdal
(11) Astrid Aarset
(12) Eline B. Sørdal Ulvestad
(13) Johanne Heltne
(14) Henny Flydal
(15) Guro Sorte
(16) Peter A. Vik
(17) Synnøve Aasen Vik
(18) Paula Vartdal
(19) Astrid Geitnes
Bildetekst:
Husmorskulekull på Eidså i 1921. Eline Sørdal Ulvestad presenterte dette bildet i Synste Møre den 5. oktober 1973 med alle namna - og interessante kommentarar om skulegangen. Her eit lite utdrag frå avisteksten:
"...Elevane likte godt handgjerninga med saum og veving. Dei likte også godt kjøkenfaga, koking og baking. Husdyrlæra, hagestell og grønsakdyrking var også interessante fag, særleg avdi Vik krydra forelesingane med vitsar som høvde godt inn i undervisninga. Men det som ingen av oss likte, - var fjøsarbeidet. Moking og mjølking kunne vere bra, men å koke grisegraut og vaske grisane (ein gong for veka) vart eit mareritt som svake sjeler drøymde om om natta. ..." Til venstre i nest siste rad står Johanne Heltne, handgjerningslærarinne, og Henny Flydal kjøkkenlærarinne, Heilt til høgre i rada står styrarparet Peter A. Vik og Synnøve Aasen Vik.
Det finst to andre bilete frå denne fotograferinga: SASf-001-0654 og 0988. På dei bilda er det ein person meir i rad 2, men Eline Ulvestad skreiv si namneliste ut frå dette eksemplaret. (Informant: Jostein Nordvik)

ID: SASf-001.1876 Kommune: Vanylven
Distrikt: Eidså
Motiv: Husmorskulen Eidså 1921 Årstal: 1921