Personer:
(1) Arnt Ulrik Greve
Bildetekst:

Truleg er dette eit reprobilde.

I august 1848 vart Arent Ulrik Greve døypt og førd inn i ministerialboka for Skjold, der faren var kapellan på den tida. Arent Ulrik gikk på Bergen Latinskole og tok så teologisk eksamen og praktikum i 1874. I åra 1874 - 1884 var han kapellan i Tysvær, styrde Torvestad soknekall og var konstituert sokneprest i Røldal.

I 1884 vart han så sokneprest i Vanylven og Syvde, der han var i 11 år. I 1895 flytta han til Hamarøy (Hammerø) der han også var sokneprest. Han gifta seg i Tysvær i 1876 med Anna Bernhardine Rosenberg, og dei hadde 9 barn.

(Informant: Jostein Nordvik).

Kjelde; m.a. Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Johan Fredrik Lampe / D. Thrap

ID: SASf-001.2273 Kommune: Vanylven
Distrikt: Vanylven
Stad: Vanylven
Motiv: Portrett, reprobilde Årstal: Ukjent