Personer:
(1) Ole Andreas Vik Øvregård
(2) Oline Martha Vik Øvregård
(3) Anna Øvregård Hjelle
(4) Olga Øvregård Øyra
(5) Ane Vik
Bildetekst:
Våningshuset på Øvstegardshaugane (88/1) i Syvde. Nytt hus vart bygt i 1913, og dette er det einaste kjende biletet av gamlehuset. Ole Andreas som sit til venstre, kom frå Ånegarden i Vik (88/12) og gifte seg med gardatausa Oline Martha. Ho hadde 7 sysken som alle utvandra til USA. I daglegtale var bruket kalla Øvste-garden, og syskena i Amerika tok til å bruke namnet Ovregaard/Overgaard. Det enda med at også Oline Martha sine etterkomarar slutta å bruke Vik-namnet og gjekk over til Øvregård som slektsnamn ut på 1900-talet. Ane, som sit lengst til høgre, var mor til Oline Martha. Ho var fødd i 1837, og kom frå grannebruket Krikola-Haugane (88/13). (Informant: Jostein Nordvik)

ID: SASf-001.0662 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Stad: Øvstegarden
Motiv: Familie, Reg: JNO Årstal: ukjent

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
04.02.2006 Jostein Nordvik Syvde sogelag/Arthus Vik Myklebust har identifisert desse personane tidlegare, og Oline Marta Vassbakke er ikkje med på dette biletet. Ho var gift på gbnr 88/14 i Vik. Kvinna lengst til venstre på biletet (nr. 2 frå venstre) er Oline Marta Knutsd. Vik (Øvregård)som vart igjen på garden, gbnr. 88/1 i Vik i Syvde, då dei 7 syskena utvandra til Amerika, og ho var gift i 1884 med Ola Andreas Olsen Vik (88/12). Ane Vik, som sit lengst til høgre, er mor til Oline Marta, og ho kom frå grannebruket, 88/13 i Vik. Ola og Oline Marta var mine oldeforeldre.