Personer:
(1) Framme frå venstre: Svanhild Olava Liseth
(2) Dagny Liseth
(3) Johannes Årskog
(4) Sverre Årskog
(5) Andre rad frå venstre: Daniel Liseth
(6) Dorthea Liseth Årskog
(7) Jon Årskog
(8) Bak frå venstre: Fridtjov Liseth
(9) Aslaug Liseth
(10) Martin Liseth
(11) Olga Liseth
Bildetekst:
Denne gruppa har feilaktig vore registrert som Jakob Takset med familie, og 9 namn var innførde, sjølv om det er 11 personar på dette biletet. Mannen som sit til venstre med ei jente på fanget, er sannsynlegvis Daniel Liseth, og mest truleg er ingen av personane på dette biletet frå Takset i Syvde. (Informant: Jostein Nordvik)

Daniel Liseth er min oldefar og i samråd med Hjalmar Slettevoll har vi identifisert personane på biletet. Daniel Liseth vart enkemann i 1910 og sat då att med 7 born i ulik alder. Biletet er truleg teke same året. Eldste dottera, Dorthea f. 1888, sit ved sidan av faren saman med ektemannen Jon Årskog og deira to førstefødde, Johannes og Sverre Årskog. På fanget har Daniel Liseth dottera, Svanhild Olava f. 1906, framfor sit mi farmor, Dagny Slettevoll f. 1900, bak frå venstre: Fridtjov f. 1889, Aslaug f. 1891, Martin f. 1894 og Olga f. 1897.

ID: SASf-001.0878 Kommune: Vanylven
Distrikt: Rovde
Stad: Midtbø
Motiv: Familie Årstal: 1910

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
11.03.2009 Jostein Nordvik Dette er IKKJE familien til Jakob Takset, så her er namnlista feilkobla!
17.01.2013 Dagrun Slettevoll Sandnes Daniel Liseth er min oldefar og i samråd med Hjalmar Slettevoll har vi identifisert personane på biletet. Daniel Liseth vart enkemann i 1910 og sat då att med 7 born i ulik alder. Biletet er truleg teke same året. Eldste dottera, Dorthea f. 1888, sit ved sidan av faren saman med ektemannen Jon Årskog og deira to førstefødde, Johannes og Sverre Årskog. På fanget har Daniel Liseth dottera, Svanhild Olava f. 1906, framfor sit mi farmor, Dagny Slettevoll f. 1900, bak frå venstre: Fridtjov f. 1889, Aslaug f. 1891, Martin f. 1894 og Olga f. 1897.