Bildetekst:
Eg har dette bildet nytta som julekort og det har denne påskrifta: "Til familjen Paul Lillenes. Juleglæde 1918. Signa Aar 1919. Ønskes fra motstående. Klungsør 22-12-1918." Dei eg kjenner att av "motstående" er: Øyra-Lisa og Øyra-Petter med sonen Andreas mellom seg. Lisa kom frå gard nr.53 br.nr.1 Tjervåg. Ho var fødd 1861 og var døypt Hanna Elisa Olsdtr. Tjervåg og ho døydde i 1956. Ho vart gift med Rasmus Moldskred på gard nr.54 br.nr.1 Klungsøyr. Rasmus døydde i 1893. I det ekteskapet var det 6 born, Olufia, Ingeborg, Bernhardina, Ola, Karen og Rikard. Lisa gifta seg på nytt med Petter A. Lillenes, som då tok Klungsøyr til etternamn. Han levde frå 1870 til 1957. Dei fekk 4 born: Andreas (1896-1969), Marie, Rasmus og Olav (1903-1920). Dei 3 damene til venstre på bildet og den unge mannen til høgre kan eg ikkje sette namn på. (Informant Pål Lillenes).

Min farmor - Marie Klungsøyr - datter av Petter (nr.6 på bildet) - skrev bak på dette bildet at dame nr.2 heter Alfhild, og nr.3 heter Fia. Har dessverre ikke noe etternavn. Informant Anders Musland.

Dama til venstre er dotter til Anna og Andreas Brandal. Informant Jarle Brandal.

ID: SASf-001.0271 Kommune: Herøy
Distrikt: Tjørvåg
Stad: Klungsøyr
Motiv: Gruppe Årstal: 1918

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
19.08.2022 Jarle Brandal Dama til venstre er dotter til Anna og Andreas Brandal:
17.01.2021 Anders Musland Min farmor - Marie Klungsøyr - datter av Petter (nr.6 på bildet) - skrev bak på dette bildet at dame nr.2 heter Alfhild, og nr.3 heter Fia. Har dessverre ikke noe etternavn.
04.11.2016 Pål Lillenes Eg har dette bildet nytta som julekort og det har denne påskrifta: "Til familjen Paul Lillenes. Juleglæde1918. Signa Aar 1919. Ønskes fra motstående. Klungsør 22-12-1918." Dei eg kjenner att av "motstående" er: Øyra-Lisa og Øyra-Petter med sonen Andreas mellom seg. Lisa kom frå gard nr.53 br.nr.1 Tjervåg. Ho var fødd 1861 og var døypt Hanna Elisa Olsdtr. Tjervåg og ho døydde i 1956. Ho vart gift med Rasmus Moldskred på gard nr.54 br.nr.1 Klungsøyr. Rasmus døydde i. 1893. I det ekteskapet var det 6 born, Olufia, Ingeborg, Bernhardina, Ola, Karen og Rikard. Lisa gita seg på nytt med Petter A. Lillenes, som då tok Klungsøyr til etternamn. Han levde frå 1870 til 1957. Dei fekk 4 born: Andreas ( 1896-1969), Marie , Rasmus og Olav (1903-1920). Dei 3 damene til venstre på bildet og den unge mannen til høgre kan eg ikkje sette namn på.
17.09.2016 Pål Lillenes Eg har dette bilde nytta som julekort . Det har denne påskrifta : "Til familjen Paul Lillenes. Juleglæde 1918. Signa Aar 1919. Ønskes fra motstående. Klungsør 22-12-1918. " Dei eg kjenner att av "motstående" er : Øyra-Lisa og Øyra-Petter med sonen Andreas Klungsør mellom seg . Lisa (1861-1956) var døypt Hanna Elise og kom frå Tjervåg Ho sat som enkje etter Rasmus Moldskred på Klungsøyr brnr. 1. I det ekteskapet var det 5 born. Olufia (Fia) , Ingeborg (Dyrhaug-Bolla) , Bernhardina , Ola, og Rikard. Ho gifta seg på nytt med Petter Matias Kornelius Lillenes. Som vanleg var tok han då etternamnet Klungsør. Han var bror til Paul Lillenes. ( Lisjenes-Pål 1877-1950 ).