Bildetekst:
Syvde kyrkje før ombygging. (Informant: Syvde sogelag). Dette er frå ei storsamling i Syvde sommaren 1905 i samband med folkerøystinga 13. august om eventuell oppløysing av unionen med Sverige. Om dette biletet er teke den 13. august viet vi ikkje sikkert, men vi veit at det var ei slik samling her, og på bakgrunn av bebyggelsen i Vik/Norvika kan vi fastslå at dette biletet er teke i 1905. Ved kyrkjetrappa er det laga til feste for å setje opp fleire nokså store bjørker som dekorasjon. Ved langveggen utanfor kyrkje står ein mann og talar, og på kyrkjegarden stimlar tilhøyrarane sammen. Ved same høve har Storegjerde teke minst to andre bilete ved Syvdekyrkja: FAKf-100100.113078 og -.112630. (Informant: Jostein Nordvik).

ID: SASf-001.0995 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Motiv: Kyrkje, stemne, unionsoppløysing, Reg: JNO Årstal: 1905