Personer:
(1) Birte Torset
(2) Signe Haugen (g. Grønnevik)
(3) Aslaug Årskog (g. Haugen) (syster til bruda)
(4) Einar Haugen
(5) Rasmus Torset
(6) Eva Torset (g. Årvik)
(7) Dagny Liseth
(8) Einar Torset?
(9) Svanhild Liseth
(10) Åsta Torset (g. Sæter)
(11) Pauline Årskog (tanta til bruda)
(12) Berte Oline Årskog (farmor til bruda)
(13) Severin Haugen
(14) Berthe Rasmusd. Årskog Haugen
(15) Ukjent
(16) Andreas Åsemyr
(17) Johannes Åsemyr
(18) Bern Eliasson Torset
(19) Marta Johannesdotter Årskog Torset
(20) Daniel Liseth
(21) Severin Elias Korsfur Årskog? (stefar til bruda)
(22) Susanna Olsdotter Heltne Årskog? (mor til bruda)
(23) Rasmus Årskog
(24) Johan Årskog
(25) Dorthea (Thea) Liseth Årskog
Bildetekst:
Frå bryllaupet til Severin Johanson Haugen og Berte Rasmusdotter Årskog i 1915.

Informasjon frå Sandesoga, band II, side 171 (gnr. 86 Saude Ytre bnr. 16 Haugen):
Severin Johanson Haugen 23/12 1888 - 30/9 1975 g 1915 Berte Rasmusdotter Årskog, Rovde i Vanylven 20/11 1892 - 17/5 1987. Barn: Reidar 30/4 1916, Gunnhild 4/12 1919, Sollaug 8/5 1925. Severin var son til Johan Olai Hansson Rovde, Saude Y 6, og Gurine Severinsdotter Garen, g Saude Y 5. Skøyte 1919 på halvparten av bnr 5 for kr 1000. Severin bygde hus og dyrka opp stykket. Her var ulendt og myrlendt torvmark. Mesteparten av bruket vart 1971 selt til Sande kommune som byggjefelt. Berre tunet med 6 dekar jord vart att. I 1971 vart eigedomen skøytt til barna.

Same motivet finst også på SASf-001.1225, men den plata er knekt og delvis øydelagd, og limt sammen med tape. Elles finst det to bilde (SASf-001.6909 og 6739) tekne av bryllaupsfolket ved Rovde kyrkje, der det denne dagen var vigde to brudepar. (Informant: Jostein Nordvik).

Tilleggsopplysningar frå Per Asbjørn Knardal:
Bruda, Berte Rasmusdtr. Årskog, miste far sin, bestefaren og to farbrør i den store ulukkeshendinga på Svinøyhavet
29/5 1895, då båten dei var på forliste under uver. Mora, Susanna, gifte seg oppatt i 1897 med Severin Korsfur. Dei fekk
sonen Rasmus f. 1898. Eg synest at han som står rett bak bruda, med hua på snei liknar på Rasmus (Årskog) halvbror til bruda. Han (med hatt) som står bak bruda t.h. liknar på Korsfurfolk, og kan vere bruda sin stefar, Severin Korsfur.
Guten som står heilt til høgre, kan likne på Andreas Åsemyr f. i 1906. Mor til Andreas døydde då guten berre var 3-4
mnd. gammal. Faren gifte seg oppatt og flytte til Ørsta, men guten fekk vekse opp i Årskog. Han som står med hatt midt
på biletet, liknar mykje på lærar og kyrkjesongar Daniel Liseth. Den siste eg synest drage kjensel på, er han som står
heilt til venstre med ei vid skjoldahue. Han liknar mykje på Johannes Åsemyr. Han var syskjenbarn til bruda. Han også
miste far sin i den store ulukka der i alt sju mann frå garden Årskog omkom. Johannes var knapt 4 mnd då faren drukna,
og 11 år gammal miste han også mora. Meiner å vite at også han var mykje i Årskogane med Susanne og Severin under
oppveksten.

Tilleggsopplysningar frå Dagrun Slettevoll Sandnes:
I tillegg til Daniel Liseth i midten bak, så står eldste dottera hans, Dorthea ( kalla Thea) heilt til høgre bak. Ved sidan av
henne med hatt står ektemannen, Johan (kalla Jon) Aarskog f. 1882. Han var òg son til Johannes, som omkom på sjøen, og onkel til bruda? Sitjande framme heilt til høgre liknar mi farmor, Dagny f. Liseth - 15 år her.

ID: SASf-001.2552 Kommune: Sande
Distrikt: Rovde
Stad: Årskog
Motiv: Bryllaup, Årstal: 1915

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
18.10.2015 Liv Margit Ertesvåg (1) Birte Torset, (2) Signe Haugen (g. Grønnevik), (3) Aslaug Årskog (g. Haugen) (syster til bruda), (5) Rasmus Torset, (6) Eva Torset (g. Årvik), (8) Einar Torset ?, (9) Svanhild Liseth, (10) Åsta Torset (g. Sæter), (11) Pauline Årskog (tante til bruda), (12) Berte Oline Årskog (farmor til bruda), (21) Severin Elias Korsfur Årskog ? (stefar til bruda), (22) Susanna Olsdotter Heltne Årkog ? (mor til bruda),
21.03.2015 Liv Margit Ertesvåg nr. 2 og 3 frå venstre i bakerste rekke er ekteparet: Bern Eliasson Torset og Marta Johannesdotter Årskog
06.04.2007 Hallvard Liseth Slettevoll I midten i bakre rekkje står ordførar Daniel Liseth.