Bildetekst:
Husmorskulegruppe framfor ein av bygningane ved jordbruks- og husmorskuleanlegget på Eidså. Styrar Peter A. Vik står med kvit hatt til høgre i andre rad. Til venstre for han står kona Synnøve, f. Aasen og mellom seg har dei sonen Åsmund, f. 1919, så bildet må vere teke rundt 1921. I lys kjole til venstre i tredje rad står handgjerningslæraren Johanne Heltne. (Informant: Jostein Nordvik).

Nr 3 frå venstre fremst, Olivia O. Øyehaug frå Ørsta (f.1902) og nr 6 frå venstre fremst, Aslaug I. Kolaas frå Ørsta (f.1903) var elevar ved husmorskulen i 1922. Informant Liv Mari Torbjørnson.

ID: SASf-001.7292 Kommune: Vanylven
Distrikt: Eidså
Stad: Eidså
Motiv: Husmorskulen Eidså 1922 Årstal: 1922

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
22.08.2023 Liv Mari Torbjørnson Dama i lys kjole attmed Johanne Heltne er truleg Ragna Hole, som var husmor/kjøkenlærar i 1822. (Ho var vikar dette året for Marie Engum, som overtok i 1923)
22.08.2023 Liv Mari Torbjørnson Nr 3 frå venstre fremst, Olivia O. Øyehaug frå Ørsta (f.1902) og nr 6 frå venstre fremst, Aslaug I. Kolaas frå Ørsta (f.1903) var elevar ved husmorskulen i 1922.