Bildetekst:
Folk frå Villabøen og Nybø på Myklebust i Syvde. Villabøen (89/27) vart delt i 1895 mellom eldste sonen på garden (Halstein) og eldste dottera (Dina). Dina sin halvdel vart kalla Nybø (89/35). Halstein hadde dottera Gunni som gifte seg med Martinus Løset og dei var brukarar på den øvre delen, Villabøen. Dina gifte seg med Johan Fagerhol frå Fiskå og brukte nedre delen, Nybø (89/35). Gamle Jensine (nr. 2 frå venstre) var altså mor til Dina, og bestemor til Gunni. Her er familiane til Dina og Gunni blanda. Eit bilde med same motivet og namneliste finst på SASf-001.3455. (Informant: Jostein Nordvik)

ID: SASf-001.7342 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Stad: Myklebust
Motiv: Gruppe, bygningar Tidsrom: 1922 - 1955