Bildetekst:
Ni hestar med stolkjerrer med kurs for Syvde kyrkje. Bildet er frå Syvde sentrum ved Andr. Almklov sin handelsstad og sjøbud. Fotografen har nok stått i budadøra i andre høgda og fotografert fylgjet. I fyrste kjerra, som held på å forsvinne bak naustet i forgrunnen, kan vi skimte eit pynta brudepar, og på vegen nedanfor Riisøen-huset og nausta kjem åtte andre hestar med sine kjerrelass med bryllaupsfolk. Bildet er teke i 1926-27, for heilt til høgre kan vi sjå tomt og byggetilfang til forsamlingshuset Fredtun, som vart sett opp i 1927.  (Informant: Jostein Nordvik)

ID: SASf-001.6930 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Stad: Bryggja
Motiv: Brudefylgje, stolkjerrer, landeveg, naust Reg:JNO Tidsrom: 1926 - 1927