Bildetekst:
Bilde av ei familiegruppe frå Vik i Syvde. Familiefaren t.h.bak er Sigvald Vik frå gbnr. 89/18 Teigane. Far hans var Andreas Danielsson Vik, som kom frå Ytre Halle bnr. 2 i Sande. Andreas var gift med Sara Kvaløy frå Gursken, som døde i 1894, og i 1898 gifte Andreas seg med Paula Paulsd. frå Opsal 80/2. Paula sit fremst til venstre.Ho hadde vore gift med Rasmus Knutsen Myklebust (89/14), men vart enkje i 1893. Sigvald, f. 1898, var eldste sonen til Paula og Andreas, og han gifte seg i 1922 med Matilde Benjaminsd. Sørdal frå Myklebust 89/38, som står til venstre for han. Dei fekk fråskilt ei tomt og bygde hus i Vik, gbnr. 88/27, som dei kalla Tryggstad. I kyrkjebøkene er det seinare tilført at dei fekk bevilling 15/1 1938 til å ta familienamnet Trygstad.
Dama som sit til høgre er Anna Andreasd. Vik, som var den yngste av Andreas sine born frå fyrste ekteskap. Bak til venstre står Sverre Trygstad. Ottar Per Trygstad f. 1938, står framfor mora, og jenta i midten framme er Marta Trygstad, f. 1930. Eldste sonen til Matilde og Sigvald, Asbjørn, f. 1923, døde av tæring som ung mann.
Same motivet er også avbilda på SASf-001.6607. (Informant, Jostein Nordvik).

ID: SASf-001.6614 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Stad: Vik
Motiv: Gruppe, familie Tidsrom: 1922 - 1955