Personer:
(1) Sigvald A. Vik
(2) Ingvald K. Ulvestad
(3) Rasmus O. Vedlog
(4) Simon P. Eikrem
(5) Oluffa P. Vik
(6) Johan P. Vik
(7) Elling K. Ulvestad
(8) Peter A. Vik
(9) Peder K. Skaugset
(10) Petra P. Vik
(11) Ragna P. Eikrem
(12) Anna A. Vik
(13) Laura L. Vik
(14) Ole L. Vik
(15) Berte K. Ulvestad
(16) Eline K. Ulvestad
(17) Gabriella G. Eikrem
(18) Anna P. Vik
(19) Kristian M. Vedlog
(20) Olga L. Grebstad
(21) Olga O. Vik
(22) Anna P. Eikrem
(23) Lars A. Almklov
(24) Marie A. Almklov
(25) Karolus K. Ulvestad
(26) Maria Espenakk
(27) Hansine Reite
Bildetekst:
Frå Bryllaupet til Berte K. Ulvestad (82/01) og Ole L. Vik (88/18) i Syvde sommaren 1913. Bildet er teke framfor huset til ein av grannane, lærar og emissær Petter P. Eikrem (82/03). Storegjerde har også teke eit par bilde av brudeparet i ei mykje større forsamling i tunet i Klasgarden, som bruda kom frå. Bak dei oppstilte personane, ved inngangen til bislaget, står mor til brudgomen, Hansine, og stydjer seg på gjerdet og fylgjer med på fotograferinga, og saman med henne står truleg Marie Espenakk Eikrem, kona til Petter Eikrem. På metallrekkverket på toppen av trappa sit ein av dei yngste brørne til bruda. Ved sida av han står truleg småjenta Marie A. Almklov og bror hennar, Lars A. Almklov. Alle dei andre på bildet er sikkert identifiserte som slektningar, grannar, vener og kjenningar frå Eikrem og Vik i Syvde, og er tekne med i namnelista, som startar med dei fire unge karane som ligg fremst på grasbakken, og så dei seks som sit fremst. (Informant: Jostein Nordvik)

ID: SASf-001.6298 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Motiv: Portrett Tidsrom: 1922 - 1944