Bildetekst:
Dette er eit av fleire gruppebilde frå eit navigasjonskurs som ein trur vart halde på Rovdestranda. Lærar var Ivar Slettevoll, og elles skal Anders Midtbø vere nr. 2 frå venstre i midtrada, og Nils Andersen nr 2 frå høgre i same rad. (Informant: Jostein Nordvik).

Marte Storegjerde, tilleggsinfo:
Dette er frå 3-vekers navigasjonskurs. I andre rekke nummer 1 frå venstre er Johannes Rovde frå Larsnes.

Halstein Ljoså frå Rovdestranda fortel at bildet er teke framfor inngangsdøra til forsamlingshuset "Bent Redses Minde", slik det såg ut før huset vart forlenga og delvis ombygt. (Informant Jostein Nordvik).

ID: SASf-001.6289 Kommune: Vanylven
Distrikt: Rovde
Stad: Rovde
Motiv: Gruppe Årstal: Ukjent

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
29.01.2017 Jostein Nordvik Halstein Ljoså frå Rovdestranda fortel at bildet er teke framfor inngangsdøra til forsamlingshuset "Bent Redses Minde", slik det såg ut før huset vart forlenga og delvis ombygt.
05.06.2015 Jostein Nordvik Eg trur nok dette bildet ikkje er frå jordbruksskulen på Eidså. Iallfall har den mest fotograferte dobbeldøra der ikkje vindauge så nær på venstre sida, og bordkledninga rundt den døra har overliggande bord ned utanpå underliggaren slik at veggen ikkje er glatt. Bordkledninga på dette bygget er falsa slik at overliggar og underliggar ligg jamnt, og veggen blir slett. Truleg er dette eit losjehus e.l., for interiørbilde frå same kurset viser truleg eit IOGT-diplom e.l. og eit Kristusbilde på bakveggen, jfr. bilda 0685 og 7198. Om dette huset er på Rovdestrande eller ein annan stad i Sande kommune veit eg ikkje...
14.05.2015 Marte Storegjerde Dette er frå 3-vekers navigasjonskurs. I andre rekke nummer 1 frå venstre er Johannes Rovde frå Larsnes.
23.04.2015 Knut A. Brandal Dette er ein kopi eller ein variant av eit liknande bilete frå rundt 100 år sidan. Den karakteristiske døra i bakgrunnen går att på fleire bilete (utan at eg har kommentert det) og stammar frå landbruksskulen på Eidså.