Bildetekst:
På bruket Haugen, gbnr. 86/1 i Nordalen i Syvde, var Anders Andreasson frå Indre Dale eigar frå 1877. Han var gift med Kanutte Knutsd. Innselset, så dei var begge frå Volda. Dei fekk tre døtre: Johanne, f. 1877, og tvillingane Karoline og Anna, f. 1881. Johanne overtok med tida garden saman med mannen Sivert K. Tverberg. Anna vart gift med Andreas A. Brudevoll på gbnr. 83/3. Dette er den tredje dottera, Karoline Andersd. Nordal. (Informant: Jostein Nordvik).

ID: SASf-001.5621 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Stad: Haugen
Motiv: Portrett Tidsrom: 1922 - 1944