Bildetekst:

Dette må vere eit slags minnebildemontasje, med eit presteportrett øvst, og Rovde kyrkje både utvendig og innvendig. Denne kyrkja var oppførd av byggmeister Lars Tornæs frå Ålesund, og innvia 2. november 1872. Altartavla er mala av Oskar Sivertsen i 1906 (Kjelde: Norske Kirkebygg).

Presten på bildet er Ivar M. Aarseth, som var prest i Sande og Rovde frå 1910 til 1913, då han reiste til Cardiff i England som sjømannsprest der.

Dette er truleg det einaste bildet av denne typen montasje som finst i Storegjerdesamlinga.

I Syvde finst det i privat eige ein same sort montasje, med soknepresten Gregers Winther Wulfsberg, og innmonterte bilde av Syvdekyrkja utvendig og innvendig. Iallfall interiørbilda der er tekne tidlegast 1910. Bilda er monterte på ein kartong med påtrykte forsiringar i grønt. Wulfsberg flytta frå Syvde til Ørskog i 1910, og vi har rekna med at eit slikt bildeoppsett var eit slags minnegave til sokneprestar og evt andre viktige personar i kyrkjene, men vi veit det ikkje, og har aldri høyrt det omtala på nokon måte.

Same motivet frå Rovde finst også på SASf-001.7196 og 6925.

(Informant: Jostein Nordvik).

ID: SASf-001.5495 Kommune: Vanylven
Distrikt: Rovde
Stad: Rovde kyrkje
Motiv: Kyrkje, kyrkjeinteriør, minnebildemontasje Årstal: Omkring 1913