Bildetekst:

Dette er Martinus Sæbjørnsson Lade frå Lade 91/01 i Syvde. Han var f. 1841, d. 1922.

I spalta "Frå Albumet" i Synste Møre 20.10.72 er biletet omtala, og til slutt står det der: "Martinus var ein varm misjonsvenn. På sine gamle dagar budde han i Nilsegarden på Myklebust i Syvde. Han gjekk då mykje rundt i heimane og delte ut kristelege skrifter. " Martinus var for øvrig far til kunstnaren Daniel Lade, som i 1908-09 mala Kristusbildet til hovedfeltet i altertavla i Syvde Kyrkje. Ein annan av sønene, Adam Lade, gifte seg med Karoline Knutsd. i Skaugsetgarden på Eikrem (82/03). Eit liknande portrett av Martinus finst på SASf-001.3703.

(Informant: Jostein Nordvik).

ID: SASf-001.5427 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Stad: Lade
Motiv: Portrett Årstal: Ukjent