Personer:
(1) Ane Marta Pettersd. Vik
(3) Petra Pettersd. Vik
(4) Anna Pettersd. Vik
Bildetekst:
Jentene er tre av døtrene til Petter Pettersson Vik og Oline Vassbakke Vik i Nedgarden i Syvde (88/14). Den eldste er Anna, som står bakerst. Jenta til venstre var døypt Ane Marta, men vart til vanleg kalla berre Marta. og minstejenta er Petra. Den gamle dama er nok eit slags kårkone i Nedgarden, Berte Olsdotter. Berte var fødd på Øvstegards-bruket i Vik i Syvde i 1836. I 1864 gifte ho seg med Peder Steinarsson Vik på Nykrem-bruket (gbnr. 88/17). Dei flytte seinare til Nakkola-bruket (88/16) i Vik. Peder døde i 1871 og Berte gifte seg då med Iver Johannesson Løset. Han døde etter eit år, og Berte gifte seg for tredje gong i 1880, no med enkjemannen Knut Larsson Tverberg, som levde til 1886. Då vart Berte gift for fjerde gong i 1890, med enkjemannen Knut Knutsson Vik i Nedgarden. Berte døde i 1916. (Informant: Jostein Nordvik)

ID: SASf-001.5173 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Stad: Vik
Motiv: GruppeU4, Reg: JNO Tidsrom: 1904 - 1955

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
22.01.2009 Jostein Nordvik Dei tre jentene er alle døtre av Peter P. Vik og Oline Vassbakke Vik i Nigarden i Syvde (88/14). Etter alder: Anna, Marta og Petra. Den eldre dama er så langt ikkje identifisert.