Bildetekst:
Dette er eitt av mange bilete som Storegjerde har teke frå Indre Hareid mot Ytre. I dette biletet har han ikkje med Guanomølla til Teigene som ligg utafor høgre bildekant. Til høgre her startar det med Magnus Alme sin trevarefabrikk som seinare vart Erstafabrikken og deretter Nor Aluminium, og no Ulmatek Stromek. Vidare har vi kommunekaia på Indre. Men Donnabuda manglar. Ho brann ned litt før- eller under krigen, og blei bygd splitter ny kring 1950. Så har vi den vakre Hareidsvika med den kvite sandstranda mellom Indre og Ytre. Er bildet teke like etter krigen?
(Innformant: Johs Klungsøyr)

Tilleggsinfo:
Den første "Donnabuda, Tampenbuda eller Gudmundsetbuda" brann ned i 1920. Det nyaste huset som eg kan finne på dette bildet er huset til Karl Olson Brobak som vi ser nærast til venstre. Dette huset vart bygd i 1939, og ser heilt nytt ut. Karl seilte som styrmann i handelsflåten heile krigen. Bildet er nok frå 1939/1940.

(Informant: Johs Klungsøyr).

ID: SASf-001.4607 Kommune: Hareid
Distrikt: Hareid
Stad: Hareid
Motiv: Landskap Årstal: Omkring 1940

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
05.01.2016 Johs Klungsøyr Tilleggsinfo: Den første "Donnabuda eller Tampenbuda eller Gudmundsetbuda" brann ned i 1920. Det nyaste huset som eg kan finne på dette bildet er huset til Karl Olson Brobak som vi ser nærast til venstre. Dette huset vart bygd i 1939, og ser heilt nytt ut. Karl seilte som styrmann i handelsflåten heile krigen. Bildet er nok frå 1939/1940.
28.11.2015 Johs Klungsøyr Dette er eitt av mange bilete som Storegjerde har teke frå Indre Hareid mot Ytre. I dette biletet har han ikkje med Guanomølla til Teigene som ligg utafor høgre bildekant. Til høgre her startar det med Magnus Alme sin trevarefabrikk som seinare vart Erstafabrikken og deretter Nor Aluminium, og no Ulmatek Stromek. Vidare har vi kommunekaia på Indre. Men Donnabuda manglar. Ho brann ned litt før- eller under krigen, og blei bygd splitter ny kring 1950. Så har vi den vakre Hareidsvika med den kvite sandstranda mellom Indre og Ytre. Er bildet teke like etter krigen?