Personer:
(1) Til venstre: Kornelius Mattias Oksavik
(2) Andreas Gjert Oksavik
Bildetekst:
Kornelius Mattias Oksavik (til venstre) og Andreas Gjert Oksavik.

Gutane er dei to eldste borna til Kristian Amundsson Oksavik (f. 14.03.1854) og Anne Marta Eliasdotter Aurvoll (f. 03.06.1866). Kristian var først gift med Anna Eliasdotter Aurvoll (søster til Anne Marta). Ho døydde i 1898, berre 41 år gamal.

Kjartan Oksavik opplyser til Arthur Vestnes den 12.11.2015 at namna på dei to gutane er rette.

I Sandesoga, band II, side 348 finn ein fylgjande opplysningar om dei to gutane:

Kornelius Mattias var fødd 11.05.1903 og døydde 28.10.1952. På dette bildet kan han vere omkring 5 år og dermed kan bildet vere frå omkring 1908. Kornelius vart i 1927 gift med Regine Karlsdotter Fagerlund, Myklebust i Herøy. Dei var først busett Berge i Herøy og frå 1939 i Hjørundfjorden, Ørsta.

Andreas var fødd 28.05.1901 og busette seg i Hallebygda (Halle Indre 4).

ID: SASf-001.3354 Kommune: Sande
Distrikt: Skredestranda
Stad: Oksavik
Motiv: Sysken, brør Årstal: Omkring 1908