Personer:
(1) Adolf Andreassen Redse (sit på slåmaskina til venstre)
(2) Dorthea Pedersdotter Redse (f. Sundnes) (med rive og hund)
(3) Johan Adolfsen Redse (gut sitjande til venstre)
(4) Bent Larsen Redse (1817-1917 "Skule Bent")
(5) Astrid Pedersdotter Sundnes
(6) Bertha Pedersdotter Sundnes
(7) Johanne Pedersdotter Sundnes
(8) Susanna Andreasdotter Sundnes ("Sanna") (f. Redse) (ved høysåta)
(9) Berthe Marie Ellingsdotter Redse (f. Ljoså) (med rive)
(10) Andreas Andersen Redse (med langorv)
(11) Andreas Adolfsen Redse (heilt til høgre)
Bildetekst:
Frå Redse på Rovdestranda. Huset står framleis, men er påbygt. Adolf Redse sit på slåmaskina og Dorthea står ved sida av. Son deira, Johan, er den vesle guten. Jentene i staskjolar er døtrene til Susanna (Sanna) Sundnes som er hos sine foreldre og besteforeldre. Andreas og Berthe Marie Redse står med ljå og rive. Den gamle mannen ved hesten er Bent Larsen Redse (1817-1917) ("Skule Bent") som budde på sin fødegard, Redse, sine siste 10 år. (Informantar: Marit Redse og Odd Ridse Bentsen jr.)
*******
Frå Soga om Sande og Rovde, band IV, side 446, tek ein med dette om Bendt Redse:
Bendt Larsson Redse var ordførar i Sande 1871-1880. Han var kasserar for soknerekneskapane i Sande sokn frå 1848 og vart kommunekasserar i den nyskipa Sande kommune i 1867. Han var også styremedlem i den nyskipa Herø og Røvde Sparebank i 1844 og og seinare i 1847-1853. Bendt Redse var lærar i Sande frå 1833 til 1890. I 1891 skipa han saman med Ola Knutson Nedrelid «B. Redses og O. Nedrelids Legat» til hjelp for trengande i Sande. Han var over 100 år då han døydde i 1917. Sjå også band III, side 252, om "Skule-Bent"

(Tekstavskrift: Arthur Vestnes/Storegjerdesamlinga).


ID: SASf-001.3236 Kommune: Vanylven
Distrikt: Rovdestranda
Stad: Redse
Motiv: Familie, gardstun Årstal: 1910

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
20.03.2015 Odd Ridse Bentsen jr. Det ble ovenfor uteglemt to "viktige" personer på "tunbildet" fra Redse (92/2) tatt ca 1910. Den gamle mannen ved hesten er Bent Larsen Redse (1817-1917)= ("Skule Bent") som bodde på (sin fødegård) Redse sine siste 10 år. Ung gutten helt til høyre i bildet (med rive) er Andreas Adolfsen Redse. (Susanna med 3 døtre var antatt bare på besøk hos foreldre/besteforeldre). - Personene på bildet er således (fra v.): (1) Adolf Andreassen Redse, (2) Dortea Pedersdtr Redse (f. Sundnes), (3) Johan Adolfsen Redse, (4) Bent Larsen Redse, (5) Astrid Pedersdtr Sundnes, (6) Bertha Pedersdtr Sundnes, (7) Johanne Pedersdtr Sundnes, (8) Susanna ("Sanna") Andreasdtr Sundnes (f. Redse), (9) Berthe M. Ellingsdtr Redse (f. Ljosaa), (10) Andreas Andersen Redse, (11) Andreas Adolfsen Redse.
17.03.2015 Kåre Myklebust Redse på Rovdestranda. Kommentar av Marit Redse retter publisering på Facebook: Det stemmer at dette er frå Redse. Huset står framleis, men er påbygt slik Stig skriv. Adolf Redse, oldefar min, sit på slåmaskina og oldemor,Dorthea, står ved sida av. Son deira, Johan, er den vesle guten. Jentene i staskjolar er døtrene til Susanna (Sanna) Sundnes, ho er også med på biletet. Så er det mine tippoldeforeldre, Andreas og Berthe Marie, som står med ljå og rive.
17.03.2015 Kåre Myklebust Frå Redse på Rovdestranda