Personer:
(1) Aksel Trygve Nygjerde
(2) Ragnar Nygjerde
(3) Anna Nygjerde
(4) Anfrid Nygjerde
Bildetekst:
Frå bildekartong: Aksel Nygjerde og kona Anna med borna Ragnar og Arnfrid.

ID: SASf-001.2854 Kommune: Sande
Motiv: Familie Årstal: ukjent

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
03.08.2017 Ragnar Nygjerde Det var artig å sjå att dette biletet. Fotograf Storegjerde kom kvar gong det var konfirmasjon i Leikanger kyrkje for å fotografere konfirmantane og ellers det som han syntest var interessante motiv. Han tok då alltid inn hos foreldra mine.Eg veit ikkje kvifor han alltid tok inn hos oss, men kan hende at han kjende far min frå før, for far var sunnmøring, han var frå Kragset på Hakallestranda. Under krigen så var det ikkje så lett å finne husrom, men eg hugsar godt at far sa aldri nei, og då måtte no ho mor finne tak i sengklede og lage til ein liggplass. Eg hugsar godt ein hestehandler som heitte Koparnes.Han var også ein flittig gjest i heimen vår. Eg likte godt når Koparnesen var ute og reiste,for han hadde alltid så mykje spennandes historier å fortelje. Mvh Ragnar Nygjerde.