Personer:
(?) Anne Andersd. Myklebust
Bildetekst:
Anne Vendel Elina Andersd. Myklebust (frå 89.33), som i 1875 vart gift med enkjemannen Guttorm Paulsson i Øvste-Kriken på Myklebust i Syvde. Guttorm hadde fire born frå fyrste ekteskap, og Anne og Guttorm fekk elleve, så Guttorm hadde i alt 15 born. Fleire av dei utvandra til Amerika/Canada. Biletet her viser den gamle, sengeliggande Anne. I fanget ligg ei bok med lesebrillene på. Bak hovudgjerdet på senga heng eit Kristus-bilete, og over det heng eit innramma trykk med orda "Ingen er som Gud". I hjørnet ved sida av, heng eit anna Storegjerdebilete av Guttorm som viser fram ein hest, og Krike-Guttorm var ein kjend hestehandlar. Legg merke til at biletet er skråstilt så det er betre å sjå frå senga! Anne døde 22. januar og vart gravlagd 27. januar 1928 (Klokkarbok for Syvde sokn).

ID: SASf-001.0280 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Motiv: Portrett Årstal: 1928