Personer:
(1) Nikolai Christian Synnestvedt
Bildetekst:
Sokneprest Ernst David Ely, Ramnes. I Vanylven 1854 - 1861. For til Slemdal. (Usikker opplysning. Sjå informasjon frå Jostein Nordvik nedanfor).

I Storegjerdearkivet står det at dette er Ernst David Ely, men kyrkjearkiva og kommunearkiva i Vanylven meiner det er Nikolai Christian Synnestvedt, som var prest i Vanylven og Syvde frå 1833 til 1844. (I våpenhusa i kyrkjene heng eit anna portrett av Ernst David Ely.)

Synnestvedt var fødd i 1803, ferdig utdanna prest i 1830, og vart tilsett i Tingvoll i som personellkapellan 1831. i 1833 vart han sokneprest i Vanylven og Syvde. Han vart også ordførar i kommunen, og skal ha vore den fyrste ordføraren som møtte på fylkestinget for Vanylven kommune.

Synnestvedt og kona fekk fire born, det siste døypt 4. juni 1844. Den 20. juli 1844 døde Synnestvedt brått, og vart gravlagd 30. juli ved den gamla Vanylven kyrkje på Åheim.

(Informant: Jostein Nordvik)

ID: SASf-001.2275 Kommune: Vanylven
Distrikt: Vanylven
Stad: Vanylven
Motiv: Portrett Årstal: Ukjent

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
26.02.2016 Jostein Nordvik I Storegjerdearkivet står det at dette er Ernst David Ely, men kyrkjearkiva og kommunearkiva i Vanylven meiner det er Nikolai Christian Synnestvedt, som var prest i Vanylven og Syvde frå 1833 til 1844. (I våpenhusa i kyrkjene heng eit anna portrett av Ernst David Ely.) Synnestvedt var fødd i 1803, ferdig utdanna prest i 1830, og vart tilsett i Tingvoll i som personellkapellan 1831. i 1833 vart han sokneprest i Vanylven og Syvde. Han vart også ordførar i kommunen, og skal ha vore den fyrste ordføraren som møtte på fylkestinget for Vanylven kommune. Synnestvedt og kona fekk fire born, det siste døypt 4. juni 1844. Den 20. juli 1844 døde Synnestvedt brått, og vart gravlagd 30 juli ved den gamla Vanylven kyrkje på Åheim.