Bildetekst:
Dette bildet syner same stemnet og same plass som 2177. Dette kan vere 17. mai eller songarstemne, men eg held på songarstemne på grunn av alle songarhuene. Kvar er det?

Det er sortert under Hareid, ikkje langt frå bilda 2178B, 2178Q og 2179. Men det har ikkje noko med dei bilda å gjere, og er ikkje same stemnet, og det er neppe Hareid i det heile. Kvar er det? Her er stor tilstrøyming av folk. Her er lave kollar og ikkje høga fjell. Samstundes er det truleg like ovanfor bøgarden for her er fin kulturmark. Her er eit 20 år gammalt plantefelt som går heilt til topps. Her er 2-3 telefon- eller elektriskstolpar som også tyder på at det er nær folk.

Er det nokon som kjenner fanene, den næraste truleg med bilde av ein mannsperson? Godtfolk; Ta pennen fatt. Det er sikkert nokon som veit kvar dette er, og vonleg år.

(Informant: Johs Klungsøyr).

ID: SASf-001.2176 Kommune: Ukjent
Distrikt: Ukjent
Stad: Ukjent
Motiv: Sangkor, Årstal: Ukjent

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
20.12.2015 Johs Klungsøyr Dette bildet 2176 syner same stemnet og same plass som 2177. Dette kan vere 17. mai eller songarstemne, men eg held på songarstemne på grunn av alle songarhuene. Kvar er det? Det er sortert under Hareid, ikkje langt frå bilda 2178B, 2178Q og 2179. Men det har ikkje noko med dei bilda å gjere, og er ikkje same stemnet, og det er neppe Hareid i det heile. Kvar er det? Her er stor tilstrøyming av folk. Her er lave kollar og ikkje høga fjell. Samstundes er det truleg like ovanfor bøgarden for her er fin kulturmark. Her er eit 20 år gammalt plantefelt som går heilt til topps. Her er 2-3 telefon- eller elektriskstolpar som også tyder på at det er nær folk. Er det nokon som kjenner fanene, den næraste truleg med bilde av ein mannsperson? Godtfolk; Ta pennen fatt. Det er sikkert nokon som veit kvar dette er, og vonleg år.