Bildetekst:
Til tidfesting av fotografiet: I "Fiskarsoga" frå 1932 har Paul Moltu brukt dette fotografiet (s. 8) til illustrasjon av "Trerøring utan segl". (Informant: Per Kristian Halle.)

Dette er eit bilde av fleire som truleg vart tekne av Storgjerde på Leikongvikja, rett utanfor Nykremsfjøra. To av bilda vart nytta i Paul Moltu si fiskarsoge frå 1932. Bilda er tekne rett nedanfor Moltugarden. Det finst minst 2 foto der båten har råsegl med klyver. Det eine bildet er nytta i fiskarsoga, der båten seglar sørover Leikongvika med tre vaksne karar og ein gut bak i skuten. Den fremste er truleg Paul Moltu sjølv. Det andre seglbildet har me på Herøy Kystmuseum, der båten seglar nordover mot Kjeldsund. Ombord sit same personane. Fotoet som er reg i arkivet er same båten, men utan segl og klyverbom. Denne båten eksisterar også i dag og er på Herøy Kystmuseum. Dette skal vere same båten som var med i Goksøyrulykka i 1880, der blant fleire, lærar Mons Støylen omkom. Med helsing Håvard Hatløy, museumsstyrar ved Herøy Gard.

ID: SASf-001.2139 Kommune: Herøy
Distrikt: Leikong
Stad: Moltugarden, Nykremsfjøra
Motiv: Båt, robåt, trerøring, kystlandskap, Årstal: 1932

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
19.10.2005 Per Kristian Halle Til tidfesting av fotografiet: I "Fiskarsoga" frå 1932 har Paul Moltu brukt dette fotografiet (s. 8) til illustrasjon av "Trerøring utan segl". Han har også bruk nr FAKf-100100.116720 - utan å oppgi namnet på fotografen.
22.06.2006 Håvard Hatløy Dette er eit bilde av fleire som truleg vart tekne av Storgjerde på Leikongvikja, rett utanfor Nykremsfjøra. To av bilda vart nytta i Paul Moltu si fiskarsoge frå 1932. Bilda er tekne rett nedanfor Moltugarden. Det finst minst 2 foto der båten har råsegl med klyver. Det eine bildet er nytta i fiskarsoga, der båten seglar sørover Leikongvika med tre vaksne karar og ein gut bak i skuten. Den fremste er truleg Paul Moltu sjølv. Det andre seglbildet har me på Herøy Kystmuseum, der båten seglar nordover mot Kjeldsund. Ombord sit same personane. Fotoet som er reg i arkivet er same båten, men utan segl og klyverbom. Denne båten eksisterar også i dag og er på Herøy Kystmuseum. Dette skal vere same båten som var med i Goksøyrulykka i 1880, der blant fleire, lærar Mons Støylen omkom. Med helsing Håvard Hatløy, museumsstyrar ved Herøy Gard.