Personer:
(1) Oline Vike Dyrkoren
(2) Ole S. Dyrkoren
(3) Sverre Olsen Dyrkoren
(4) Peder Rasmus Dyrkoren
(5) Hanna P. Dyrkoren
(6) Arnold J. Dyrkoren
(7) Olav Bjørn Dyrkoren
(8) Harald Bøckman Dyrkoren
Bildetekst:
Ole og Oline Dyrkoren med borna. Ole Dyrkoren kom frå Stordal, var lærar på Sandsøy, ordførar i Sande 1920-1923. Dei flytta til Stranda i 1932. Olav døde i 1928, så bildet må vere tatt før.

ID: SASf-001.2679 Kommune: Sande
Distrikt: Sandsøya
Stad: Støyle, Solbakken
Motiv: Familie Årstal: før 1928

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
30.09.2008 Solveig Dyrkoren Dette er mine besteforeldre Oline og Ole. Bak står dei av borna deira som vaks opp. Lengst til venstre er Peder Rasmus Vike Dyrkoren. Han utdanna seg til lærar på lærarskulen i Nesna og jobba som lærar i Skjervøy kommune i mange år før han vart skulesjef, hadde óg mange kommunale verv. Han gifta seg med Sylvia Margareth Solvang (20.03.1913) og fekk to born; Per Arnold og Solveig. I midten står Hanna som gifta seg og fekk ei dotter, Maret. Lengst til høyre står Sverre Dyrkoren som flytta til Norheimsund, gifta seg og fekk fire born; Astrid, Olaug, Dagfinn og Olav. Dei tre gutane Arnold, Olav og Harald gifta seg ikkje og hadde ikkje born.