Personer:
(1) Til venstre: Rasmus Ristesund (kalla: Raden)
(2) Klara Myklebust
(3) Margrete Hauge
(4) Petter Hauge (postopnar, mm)
(5) Sara Hauge
(6) Simon (kalla: Simå) Hauge (far til Petter)
(7) Sigvald Sandviknes
(8) August Vonheim (far til Leif)
Bildetekst:
Dette bildet er teke på Bringsinghaug som ligg på austsida av Kvamsøya. Nedanfor dette bruket er det i dag hamn- og industriområde. Til høgre i bildet ser ein noko som kan likne på ei slags vindkjegle. Ein veit ikkje sikkert kva dette er for noko (Informant: Arthur Vestnes).

Opplysning frå Peder Ristesund i Vestlandsnytt den 29.09.23015:
Her kan eg kanskje hjelpe til med litt opplysning. Mor mi, Sara Ristesund, fekk ein kopi av dette bildet av sin onkel, Petter Hauge, og på baksida er namna på personane innskrivne. Trur det er Petter si handskrift og
personane er:
Rett under August sitt hus: Klara Myklebust (nr. 2 frå venstre), vidare mot høgre: Margrete Hauge (som mange vil hugse), Petter Hauge (poståpnar, telefonstyrar, med meir), Sara Hauge (mi gamletante på farsida), Simon Hauge (Simå) og far til Petter, Sigvald Sandviknes (min morbror) August Vonheim (far til Leif) og lengst til venstre
Rasmus Ristesund (Raden). Hunden heitte visst "Sett". Huset lengst til høgre er huset til Dorte (syster til Bernt Støylen), ho var gift med bror til Pettter, Andreas. Han var eldst og skulle overta Hauge, men døde tidleg og Petter overtok. Simå var smed og svoren piperøykar, lagde mange ting og stod sikkert bak denne "vindmølla".

ID: SASf-001.6955 Kommune: Sande
Distrikt: Kvamsøya
Stad: Kvamsøya, Hauge, Bringsinghaug
Motiv: Bygningar, personar Årstal: Om lag 1910?