Personer:
(12) Eline Sørdal Ulvestad
(17) Peter Vik
(18) Synnøve Vik
Bildetekst:
Husmorskulekull på Eidså i 1921. Eline Sørdal Ulvestad presenterte eit anna bilde med namneliste, SASf-001.1876, teke ved same høvet i Synste Møre den 5. oktober 1973, med alle namna - og interessante kommentarar om skulegangen. Her eit lite utdrag frå avisteksten: "...Elevane likte godt handgjerninga med saum og veving. Dei likte også godt kjøkenfaga, koking og baking. Husdyrlæra, hagestell og grønsakdyrking var også interessante fag, særleg avdi Vik krydra forelesingane med vitsar som høvde godt inn i undervisninga. Men det som ingen av oss likte, - var fjøsarbeidet. Moking og mjølking kunne vere bra, men å koke grisegraut og vaske grisane (ein gong for veka) vart eit mareritt som svake sjeler drøymde om om natta. ..." Til venstre i nest siste rad står Johanne Heltne, handgjerningslærarinne, og Henny Flydal, kjøkkenlærarinne. Heilt til høgre i rada står styrarparet Peter A. Vik og Synnøve Aasen Vik. Dessverre er det ein person mindre i andre rada på det bildet E.U. hadde. På hennar bilde manglar jente nr. 2 frå venstre i andre rad, så det namnet har vi ikkje. (Informant: Jostein Nordvik)

ID: SASf-001.0988 Kommune: Vanylven
Distrikt: Eidså
Motiv: Husmorskulen Eidså 1921 Årstal: 1921