Personer:
(1) 1. rad frå v.: Erik Schmidt
(2) Herbert Hempel
(3) Søster Minna Furgeit?
(4) Kurt Willer
(5) Søster Marta Etternamn ukjent
(6) Alfons Sandowski
(7) 2. rad frå v.: Gerhard Stöttke
(8) Kurt Demmning
(9) Karl Neumann
(10) Hans Schultz
Bildetekst:
Tyske born på Sandsøya etter 1. verdskrig. I første rekkje sit to tyske diakonisser som var med borna. I 1969 - 50 år etter, var to av borna igjen på vitjing for å takke for opphaldet dei som krigsborn hadde fått på Sandsøya.

Sjå også bilde nr. 2105 og 2356 som er får den same fotograferinga.

Namnesettinga i 1. rad er usikker, den kan vere omvendt!

ID: SASf-001.2107 Kommune: Sande
Distrikt: Sandsøya
Stad: Sandsøya, Sandshamn
Motiv: Gruppe Årstal: 1919

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
16.04.2016 Arthur Vestnes Den 16. november 2015 sender Rønnaug Søvik fyglgjande e-post med dette bildet og namneliste til Marit Pauline Kvalsvik: "Takk for samtalen i går. Her kjem bilde med namna. Har eit anna bilde der presten og alle "velgjørarane/lokale hjelparane" er med også. Tala og namna er det sikkert Peder Koppen eller Kamilla Sandvik som har notert, dei var nærmaste naboar til Fiskarheimen. Det er deira hus vi har kjøpt" Marit Pauline sender e-posten vidare Arthur Vestnes i Storegjerdesamlinga den 16. april 2016 med løyve frå Rønnaug Søvik om at dei opplyste namna kan leggast til fotosamlinga sin database.
21.02.2015 Arthur Vestnes Sjå elles bilde nr. 2105 og 2356 der fylgjande kommentar er innteken frå artikkel av Marit Pauline Kvalsvik i Vestlandsnytt den 23.12.2014 : Nokre av dei tyske borna i 1919 saman med hjelparane frå Sandsøy. Bak frå venstre: Severin Haugen Sandsbakk, Askjel Skare, Ole S. Dyrkoren, sokneprest O.B. Kvasnes, Gerhard Bringsvor, Ingeborg Johanne Bringsvor, Anna Gerhardsd. Kinden Støyle, Dikka Sandvik som stelte med borna, Kamilla Skare, Berte Olsen (i Leina). Malene Redse (i forkle). Fremst to diakonisser/ sjukepleiarar som var med borna. Foto: Olaf Storegjerde. Utlån og kjelde for namna: Storegjerdesamlinga ved Arthur Vestnes. På bildet står ein gut i rekkje nummer to, som nummer tre frå venstre. Han har ikkje kvit krage, slik som dei tyske borna, og har ein slags hatt på hovudet. Guten er ikkje med på eit anna bilde som Storegjerde tok samstundes, og som finst på Storegjerdesamlinga på internett. Mi hypotese er at denne guten høyrde til i Sande. Eg tippar at guten er fødd kring 1910. Så er mitt spørsmål om det er nokon som kjenner til opplysningar om dette bildet og kva hus dei står utanfor m.m. Dei som nyttar facebook kan kanskje hjelpe til med å skaffe opplysningar om dette?