Personer:
(1) Laura Landsverk Myklebust
(2) Anna Andreasd. Myklebust Vik
(3) Andreas Knutsson Myklebust
(4) Ragnvald Holsvik
(5) Sverre A. Myklebust
Bildetekst:
Garden Hansebakk, Syvde (89.14). Personane er tydeleg oppstilte for fotografering, f.eks. sit småguten Sverre på langs på hesteryggen! Når vi forstørrar biletet, ser vi også at ved treet i svingen framfor løda står ei jente og fylgjer med på hendinga. Guten på høyvogna er ein granne, Ragnvald Holsvik frå Kviene. Jenta med riva er Anna, som vart gift med Paul P. Vik i Nigarden (88.14). (Informant: Syvde sogelag)

Frå bildekartong: Garden Hansebakk, Syvde, g.nr 89, b.nr 14. Laura f. 4.7.1881, Anna 22.10.1912, Andreas 10.3.1879. På høyvogna Ragnvald Holsvik f. 13.7.1921. På merra Sverre f. 26.10.1925. Teke ca. 1930.

ID: SASf-001.1894 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Stad: Hansebakk
Motiv: Familie, gruppeU5, slått, Reg: JNO Årstal: 1930