Bildetekst:
Øyra skule, Syvde. Bygget var reist i 1922, og den gamle skulebygningen vart seld til ungdomshus i Gusdalen. Simon Eikrem skriv i boka "Meir om Syvde", 1975, at "... (Øyra-)skulen fekk sanitæranlegg og badeanlegg der dei vaksne kunne bade for 30 øre og borna for 15. Og krona på verket vart då kjellargolvet vart nedsenka og klasseromsgolva opplyfte så skulen fekk fin kjellarstove til mange slag bruk både for bygdefolket og skuleborna i opplæringa." (Informant: Jostein Nordvik.)

ID: SASf-001.1528 Kommune: Vanylven
Distrikt: Eidså
Stad: Øyra skule
Motiv: Skulebygning, Tidsrom: 1922 - 1955