Personer:
(?) Ole Jakob Grønningsæter
(?) Sella Iversd Flø Grønningsæter
Bildetekst:
Sella Gunnie Flø frå Nakkola-garden i Syvde gifte seg med Ole Jakob Grønningsæter frå Valldalen våren 1916. Bryllaupsbileta er tekne på Øvstegards-haugane, som er grannebruket til Nakkola-garden. Eldste systera til bruda, Olivia, var nemleg gift med Knut O. Øvregård i 1910, og dei hadde bygt seg nytt og større hus. Det er altså "nyehuset" på Øvstegarden vi ser. Sella og Ole Jakob busette seg på Grønningsætra i Valldalen, og med tida vart to av systrene til Sella - Elise (Lisa) og Signe - også gifte i Valldalen. (Informant: Jostein Nordvik).

ID: SASf-001.1450 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Stad: Øvstegardshaugane
Motiv: Bryllaup, Reg: JNO Årstal: 1916