Bildetekst:
Frå gravferda til Tora Austad som var dotter til ein Austad som jobba som forpaktar hos Rønneberg.

Ho arbeidde på Holmen og gravferda gjekk derifrå. Bildet har stått i Vestlandsnytt og Erling Indresøvde har skrive historia.
(Informant Bodil Julie Søvre).

Frå artiklar i Vestlandsnytt:
I Vestlandsnytt sitt julenummer for 2012 hadde Storegjerdesamlinga ein presentasjon av nokre bilder under artikkeloverskriftene «Kyrkjeferder i Sande» og «Kyrkjeferder i Storegjerdesamlinga». Mellom anna var der eit bilde av ei gravferd frå Holmen på Larsnes.

Motivet var i dei fotoglasplatene som sogelaget for ei tid sidan fann igjen i det brannsikre kvelvet i Gamlebanken på Larsnes. Det vart bedt om at den som evt. kunne ha noko å fortelje om bildet måtte ta kontakt med medarbeidarar i Storegjerdesamlinga.

Ved ei nærare undersøking viser det seg at dette bildet, med litt tekst, har vore på trykk i Vestlandsnytt tidlegare. Det var som kjent tidleg på 1980-talet at Sande Sogelag fekk overta fotosamlinga etter fotograf Storegjerde. Tidlegare banksjef Erling Indresøvde frå Larsnes arbeidde som pensjonist mykje med fotosamlinga og med jamne mellomrom sende han bilder som vart inntekne i lokalbladet under den faste artikkeloverskrifta «Frå gamle dagar».

Den 24. januar 1984 stod gravferdsbildet frå Holmen på trykk i Vestlandsnytt med slik tekst:

Her er eit nytt interessant bilete frå gode, gamle dagar - frå fotograf Storegjerde si rikhaldige samling. Biletet syner ei gravferd på Holmen på Larsnes. Formannen i Sande sogelag, Erling Indresøvde, opplyser til lokalbladet at K. D. Rønneberg på Larsnes hadde ein forpaktar som heitte Tore Austad, som kom frå Trøndelag. Han hadde ei dotter som heitte Tora som var i teneste på Holmen hjå Therese og Karl Longva. Ho vart sjuk og døde der. Motorbåten er «Havbryn» som vart eigd av Severin Haugen, Einar Haugen, Ola Rovde og Mathias Rovde.

Ein kan drage kjensel på nokre, mellom andre Kristoffer Rønneberg, lærar T. Næss, Rasmine Leite, sokneprest Kvasnes med fleire. Av kyrkjeboka/klokkarboka for Sande/Rovde frå 1919 går det fram at Tora Austad døydde den 29/6 1919. Ho vart gravlagd og jordfesta den 2/7 1919 og bildet må då vere frå denne dagen.

Tora var fødd på Inderøy i Nord-Trøndelag den 30/9 1904 og var såleis ikkje meir enn snart 15 år då ho døydde medan ho var tenestejente hos Therese og Karl Longva på Holmen. Det må såleis ha vore ei uvanleg trist og tung gravferd frå Larsnes denne sommardagen i 1919 då sjøen ser ut til å ligge heilt spegelblank.

ID: SASf-001.7006 Kommune: Sande
Distrikt: Larsnes
Stad: Larsnes, Holmen
Motiv: Gravferd Årstal: 1919

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
25.11.2015 bodil julie søvre Frå gravferda til Tora Austad som var datter til ein Austad som jobba som hestekar hos Rønneberg. Ho jobba på holmen og vart henta der. Bildet har stått i Vestlandsnytt og Erling Indresøvde har skrive historia.