Bildetekst:
Sjå liknande bilde nr. 0572

Frå Indre-Støylane på sørsida av Kvamsøya. Huset i forgrunnen vart oppført i 1910 og tilhøyrde Jørgen Ervik. Nedst til høgre ser vi taket på driftsbygningen som vart oppført i 1907.

Frå dette bruket kom Ervik-brørne som stod bak reiarlaget for fiskebåtane: Smaragd, Juvel og Labrador mm.

Utsikta innover på sørsida av Kvamsøya er mot Myren, Hatlebrekke, Kvia og Neskleiva. Toppen på fjellet i bakgrunnen er Nystøyhornet. Under denne toppen ser ein Hesthammaren på Kvamsøya. Frå det punktet har ein god utsikt nedover til Lynget som området nedanfor vert kalla.
(Infomant: Arthur Vestnes).

ID: SASf-001.0571 Kommune: Sande
Distrikt: Kvamsøya
Stad: Støylane
Motiv: Landskap Årstal: Om lag 1915