Personer:
(1) Bernt Halle
(2) Serine Halle
Bildetekst:
Ole Petter Vik, Blakstad i Asker, stadfestar i e-post den 20150904 til Storegjerdesamlinga at dette er hans oldeforeldre, Bernt og Serine Halle. Han trur at bildet av dei to kan vere teke i 1886 og då er det heilt sikkert ikkje Olaf Storegjerde som har teke originalbildet. Dette er såleis ein kopi (repro) av originalen. Det finst mange slik repro-foto i Storegjerdesamlinga. Av og til kan det vere litt vanskeleg å slå fast om det er Storgjerde sjølv som har teke det som vert avfotografert, men i dette høve er det ikkje vanskeleg å sjå. Storegjerdesamlinga oppmodar Ole Petter Vik og skrive ned historia om oldeforedra sine og sende den til fotosamlinga sitt arkiv. Sjå også bilde nr. 4648. (Informant. Arthur Vestnes).

ID: SASf-001.3739 Kommune: Sande
Distrikt: Hallebygda
Stad: Hallebygda
Motiv: Portrett2, ektepar, Årstal: 1886