Personer:
(1) Ester Andrea Kragset (g. Mundal)
(2) Ragnvald Hermann Kløvning
Bildetekst:
Den vesle jenta bå biletet er Ester Andrea Kragset, g. Mundal. Ho er eldste barnet til Olaf Andreasson Kragset og Elisa Jørgensdotter, f. Klovning. Ho vart fødd 23. mars, 1919. I 1943 vart ho gift med Torgeir Ivarsson Mundal, Lid i Syvde, og har sidan budd der.

Guten på biletet er morbror til Ester, Ragnvald Hermann Kløvning, yngste barnet til Jørgen Sørenson Klovning og Berte Andersdotter, f. Holen. Han vart fødd 30. november 1907. Han utvandra til Amerika og slo seg ned som farmar i Wisconsin. Han var gift med Rosalind, f. Wild. Ragnvald døde i 1975.

Den staselege gyngestolen på biletet er bryllaupsgåve til Olaf og Elisa frå foreldra til Elisa.

(Informant: Else Mundal. Ho er dotter til Ester)





ID: SASf-001.0956 Kommune: Vanylven
Distrikt: Hakallestranda
Stad: Krakset
Motiv: Barn, Årstal: Truleg vinteren 1920/1921

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
01.10.2015 Arthur Vestnes Informasjon motteken på e-post frå Else Mundal til Arthur Vestnes 20151001: Ester Andrea er fødd Kragset, og gift Mundal. Ho vart fødd 23.03.-19. På biletet ser ho ut til å vere ca 2 år, så biletet er truleg teke vinteren 1920/21. Ragnvald utvandra til USA (Visconsin) og budde der til han døde. Han var farmar. Eg kan spørje mor mi om meir detaljar, eg meiner å hugse namna både på kona og borna hans, men eg er sikker på at mor mi har meir opplysningar. Ho er 96 år og heilt klar i toppen. Eg har også sent inn kommentarar til eit anna bilete som var teke i tunet på Kragset. Namnet på oldemor mi var feil. Ho heitte Marta, og var fødd Kobbevik.
30.09.2015 Else Mundal (dotter til Ester) Ester og Ragnvald er ikkje søsken. Ragnvald er morbror til Ester